Vi tar kontakt med nettverket for å danne ei referansegruppe for å etablere eit UH-pednettverk mellom, Sverige, Danmark og Noreg.
Styra i dei tre landa møttes i København i januar 2024 og eit felles nettverk var eit av forslaga som kom fram. Vi trur at vi har mykje til felles og kan ha stor nytte og glede av å skapa eit tettare samarbeid, for eksempel med kurs, publisering, konferansar for å nemna noko.
I fyrste omgang er tanken å søka om NORDPLUS-midlar (søknadsfrist 2.februar) for å få støtte til etablering av eit nettverk. Vi ynskjer å setta saman ei lita gruppe frå kvart land til å koma med innspel til søknaden. På bakgrunn av dette spør vi om du kunne tenke deg å vera med i ei slik gruppe. Det er i fyrste omgang snakk om å få til eit teamsmøte der vi ser på søknaden (som representantar frå dei tre styra skal skrive) og etter kvart eit felles møte med dei andre gruppene frå Sverige og Danmark. Vi ser òg for oss at kanskje desse gruppene kan ha ei rolle i oppstarten av nettverket.
Under er litt informasjon om dei ulike nasjonale nettverka og lenke Nordplus.
Swednet – Svenskt nätverk för pedagogisk utveckling
www.swednetwork.se
DUN – Dansk Universitetspædagogisk Netværk –
Her er kriteriane for søknaden samt at du finn meir informasjon på sidene til Nordplus: https://www.nordplusonline.org/how-to-apply/guidelines/
Høyres dette spanande ut og er noko du kunne tenke deg, ta kontakt med Odd Rune Stalheim: odd.rune.stalheim@inn.no
Mvh, på vegne av styret,