Forskargruppa «Kvalitet i Høgare Utdanning» ved Høgskolen i Innlandet har gleda av å invitere til konferansen «Styring og leiinga av og i lærarutdanninga» der vi ynskjer å diskutere spørsmål om premissene for lærarutdanninga og rammene for korleis ein kan vidareutvikle denne. Tillitsreforma, den nye nasjonale strategien for kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane (Lærarutdanning 2025) og ein nyleg publisert rapport, som tilrår éin felles rammeplan, utgjer eit godt utgangspunkt for ein diskusjon om styring og leiing av lærarutdanninga.
Med oss på konferansen vil vi ha representantar frå leiarar av lærarutdanningane og leiarar i lærarutdanningane, samt både etablerte og ferske forskarar som arbeider med dette feltet.
Les meir om deltakarane programmet her.
Tid: 07. november, 2024 frå 10:15 til 15:00
Stad: Auditorium 4, i hovudbygget på Hamar, Høgskulen i Innlandet
Konferansen vert òg sendt direkte digitalt (lenkje kjem).
Påmeldingsfrist for fysisk oppmøte er 31.10.2024. Meld deg på ved å bruke dette nettskjemaet.
Velkomne skal de vere!
Beste helsing
Øystein Olav Skaar
På vegne av forskargruppa Kvalitet i Høgare Utdanning

Du må være logget inn for å legge inn en kommentar.