Nettseminar om språk som kvalitet i utdanninga – kva språk lærer ein best på?

Korleis heng språk i undervisning og pensum saman med kvalitet i høgare utdanning? Og kva plass har ferdigheiter i norsk fagspråk i det læringsutbyttet studentar skal sitje att med etter utdanninga?

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Termportalen ved Universitetet i Bergen og Språkrådet arrangerer nettseminar 29. april kl. 10.00–11.00 om språk som kvalitet i utdanninga. Nettseminaret er meint som ei hjelp til å følgje opp den nye universitets- og høgskulelova som tredde i kraft 1.8.2024, og  handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023. Seminaret vil bli teiknspråktolka.

Dere finner mer informasjon og lenke til påmelding her.