Korleis skaper vi utdanning av høg kvalitet i møte med nye og krevande føresetnader?
Tidspunkt: 26. september 2025 kl. 09.00- 26. september 2025 kl. 12.00
Stad: UiB Læringsarena, Nygårdsgaten 5, Bergen • Fysisk
Om arrangementet
I dag står høgare utdanning ovanfor raske teknologiske endringar, auka mangfald blant studentane, og eit samfunn prega av uro, klima- og miljøkrise og geopolitiske spenningar. Utfordringane er store, men dei gir òg moglegheit for endring og for å løfte fram kjerneverdiar i høgare utdanning: det faglege fellesskapet, kritisk og etisk refleksjon, utforsking av ekte problem og utdanning som bidreg til samfunnsutviklinga.
Med bakgrunn i arbeidet til sentra for framifrå utdanning inviterer vi til utforsking av korleis autentiske problemstillingar, fagleg fellesskap og nyskapande undervisning kan brukast for å styrke studentane si læring.
Program
(Vert oppdatert fortløpande)
09.00-10.30 – Del 1: Felleskap for læring
- Opningsinnlegg: Kollektiv kraft i utvikling av kvalitet i høgare utdanning, ved professor Ragnhild Sandvoll (UiT)
- Studentpartnerskap i praksis: vedvarende mekking, ved stipendiat Hannah Mülder (UiO)
- Siste og tredje innleiar vert kunngjort snarleg
- Diskusjon og erfaringsdeling
10.30-11.00 – Pause
11.00-11.45 – Del 2: Utdanning i en ny tid: Usikkerhet og ekte problemer i læring
- Korleis bruke usikkerhet og ekte problem i undervisning? ved førsteamanuensis Bjarte Hannisdal (UiB)
- Autentisitet, KI og vurdering – ved førsteamanuensis Tor Ole Bigton Odden (UiO)
- Diskusjon og erfaringsdeling
11.45-12.30 – Lunsj
Det er gratis å delta på seminaret, men deltakarar må sjølve betale for reise og overnatting.
Målgruppe
Undervisarar, støttemiljø, utdanningsforskarar og andre med interesse for kvalitetsutvikling i høgare utdanning.
Gå til denne lenka for påmelding: Påmelding