VIL DU eller kjenner du nokon som vil bidra i styret til Norsk nettverk for universitets- og høgskolepedagogikk?

Minner om årsmøte for UHped: 27.05.2026 kl. 15.00-17.00 i forkant av Nordisk konferanse i universitets- og høgskolepedagogikk – Universitetet i Agder.

I den anledning ynskjer vi å gjera dykk merksame på mogelegheiter for å bidra i nettverket på ulikt vis. Å delta i nettverket gir mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling og er ein fin arena for å utvida og skapa nye nettverk. Det er trong for kandidatar til styret då det er fleire på valg. Er dette noko du kunne tenkje deg, eller kanskje du veit om nokon som er aktuelle, sender du ei melding til Dagrun Engen i valgkomiteen: dagrun.engen@ntnu.no